Klinisk studie på marine peptid
Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen.

Klinisk studie på marine peptid

  • Blue Legasea

Helse Møre og Romsdal (HMR) opna den 27 oktober d.å. ein ny fasilitet i føretaket, klinisk forskingspost. «Forskingsposten» legg til rette for kliniske studiar med utspring frå sjukehusa, akademiske miljø og næringsliv.

No er ein klinisk studie på marine peptid starta ilag til klinisk forskingspost.

www.helse-mr.no/forskingspost

Prosjektet har vore planlagt stund og omhandlar «Blodsukker, muskelhelse og marine peptid» Dette er eit BIA-prosjektet (brukarstyrt innovasjonsarena) som vart initiert frå Firmenich Bjørge Biomarine AS og vidareutvikla ilag med kliniske ernæring/mage-tarm miljø på Haukeland Universitetssjukehus, Universitetet i Bergen – Senter for ernæring og Ålesund Sjukehus, medisinsk avdeling ilag med klinisk forskingspost HMR. Desse fire partnarar står for det uavhengige vitskaplege arbeidet i prosjektet. Prosjekt vil omhandle effektar av eit næringstilskot frå hydrolysert torskeprotein. Effektar t.d. på blodsukker hjå mennesket. Den fyrste av fleire studiar er starta, alle deltakarar er rekrutterte og sjølve studieintervensjonen er starta i Bergen. Det er dei to klinisk ernæringsfysiologane Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen, begge PhD stipendiatar i prosjektet, som styrer gjennomføringa i saman med prosjektgruppa. I Ålesund vil studieintervensjonane gjennomførast av stipendiatane i veke 2-4, og arbeidet vert utført på klinisk forskingspost. Det er alltid spennande i eit prosjekt om det melder seg deltakarar. I Ålesund annonserte ein på HMR si facebookside ein fredag ettermiddag, og måndag morgon (2 døgn seinare) hadde alt 48 personar meldt si interesse. Det var berre ein strålande respons og tusen takk til alle og ein kvar. Ikkje alle får delta i denne studien både med bakgrunn i studiedesign og ikkje minst fordi ein treng eit førehandsbestemt tal på deltakarar.

I 2018 skal vi m.a. gjennomføre ein studie til før sommaren.

God jul frå prosjektgruppa om marine peptid og klinisk forskingspost HMR.

 

Fra venste, Synnøve Herje, Elisabeth Tennøy Bjerkan, Synnøve Yksnøy og Dag Arne Lihaug Hoff.